onsdag 4. november 2015

Hausttur for Telttøttene, Handelandsdalen 31 oktober 2015

Ja då var dagen komen for å samlast att på Telttøttene sin hausttur. Me var fast bestemt på at tur vart det uansett dårlege værmeldingar som stiv kuling og regn. "ut på tur, aldri sur" som det heiter. Alle 5 hadde gitt klarsignal, sjølv om Jorunn prøvde å sleppe unna etter alle kunstens reglar. Men ho slapp ikkje unna, og stilte opp kl 20.00 med oss andre. Ann Irene meldte desverre forfall grunna akutt sjukdom rett før me skulle gå, så då blei da berre 4 denne gangen. Og med 2 stk med diverse fotplager, blei turen lagt til vakre Handelandsdalen og grillhytta på Feto. Ca 20 til 30 minuttar å gå på grusveg.



Som dåke ser er det så som så med oppakningen når telttøttene skal på kortreist tur !
Anita, med Halloween hatt som seg hør og bør på ein Halloweenkveld, Magnhild og Jorunn.

Været vart så utruleg mykje betre enn meldt, så me var ganske fornøgde der me gjekk i mørket. 
Etter ei lita stund var me framme til turmålet, ikkje noko telt denna gongen men ei grillhytte der fronten er open. Ute er me uansett ;)
Jorunn var litt luren på om det var verdt å ofre ein heil Laurdagskveld med damene utendørs, men angra ikkje i det heile tatt når Anita drog opp både duk, lykter, halloween muffins, marshmallows og lange fingre utav kassen og sekken ho hadde med. Etter denne turen skal me aldri lure på kvifor Anita sin sekk alltid er dobbelt så tung som oss andre sin.
Eit fantastisk flott bord Telttøtte Anita har laga til ;)
Sydvesten til Anita
Flotte marshmellows
Heksa Anita ;)
Anita er meget kreativ og me setter stor pris på at ho alltid disker opp med noko godt til oss ;)
Utpå kvelden kosa me oss med pølser i brød, kylling, pizza og spekemat. E da noko me er enig i så e da å vera uenig i kva me skal eta på tur. Så alle tar med seg det dei vil eta. Vanligvis e da 4 pk kaffi og minst 3 kokeapparat med. Me lærer aldri. Og litt sjokolade, chips og diverse godt til å ha i koppen. Denne flotte siste oktoberkvelden i 2015 var det over 10 grader og meget behagelig å sitte ute. Me hadde og ein quiz, der ikkje alle spørsmål fall i smak. Dei arka brann me opp, så no er Norsk Ukeblads 500 spm frå 2012 redusert til 250 spm....


 Med andre ord hadde me det veldig morsomt. Sidan Ann Irene ikkje kunne bli med hadde me med oss Pingvinutgaven av Ann Irene. Den  kunne til og med syngja " Ice, Ice baby " og dansa samtidig.

Pingvinen Ann Irene ;)
Magnhild i slaget
Jorunn i djup samtale







Blei lått og løye utpå natta










Da blei litt kosing og knepping på pingvinen utover kvelden. Me fann vel
ut at det var godt selskap i ein pingvin som kunne syngja og dansa ;)

Jorunn prøvde å fortelle nokon gode historiar som gjorde at nokon hang litt med håve, heilt utilsikta så klart, og etter litt peptalk blei stemningen betre.
Før:  
Etter:

Sånn ser ein engasjert Jorunn ut:

Mykje moro når damene er på tur:
Jorunn og Anne-Grethe

Anita og Magnhild
Ca sånn utpå natta gjekk med til sengs og vakna til ein nydeleg dag sånn i 8 tida. Jorunn hadde aldri vore her før så om morgonen såg da slik ut ;)

Utedoen i Handelandsdalen, en dames beste venn
Grillhytta med benker
Inni her sov me godt og tørt for alt regnet som kom om natta

Vakkert om morgonen


Fnis, litt for tidleg?
Morgenfrisk Anita






Anita tok bilde tidleg på morgonkvisten, me har det bra her

Jorunn i sitt ess ;)


 Koste oss lenge og vel med frukost og kaffi før me tutla oss på heim. Alle var enig i at Vinterturen må me snart ha. Og kor den turen går veit ingen av oss ;)

Blidfiser om morgonen, Anita, Magnhild og Anne-Grethe

Hmm, lure på kor tidleg Anita var oppe? Vakkert haustbilde





Med desse to flotte bildene kan me berre anbefale Feto som turmål for både damer, herrer og barnefamiliar. Flott å overnatte her inne.

Tusen takk for oss,

Helsing
Anita, Jorunn, Magnhild og Anne-Grethe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar her om du vil: